hits

Det kompliserte livet

Som alle andre har eg vore påverka av folk rundt meg. Som har meint noko om politikk, kva som er rett og galt her i livet og korleis ein bør leve livet for at det skal vere bra. Dei har sagt sitt om kva det materielle skal bety her i livet, og i kor stor grad me bør ta omsyn til miljøet. Og så vidare og så vidare. Som barn fangar ein opp mykje, og ein meiner stort sett at foreldra har rett. Argumenta deira er fasiten som gjeld for ein sjølv òg, heilt til ein når eit visst punkt og byrjar å tenkje meir sjølvstendig kring temaet. Plutseleg stiller ein kritiske spørsmål. Nokre gongar er ein einig med det ein har høyrt og trudd har vore sanninga heile tida, andre gongar tenkjer ein "kva i heite hulaste tenkjer dei på???"

For å gjere det heile meir komplisert, er det ikkje berre meiningane til andre som avgjer, neida, når ein sjølv opplever det som tilfeldigvis (eller ikkje...) møter deg i livet, vil det òg avgjere synet ditt på alt mogleg. Av og til oppdagar ein òg at ein har trudd ein har tenkt eller meint noko om ei sak, og så viser det seg at når du tenkjer det stikk motsette, DÅ kjenner du ei ro og merker at det er jo DETTE du eigentleg har meint eller trudd heile vegen.

Eg var veldig heldig med foreldra mine. Dei var totalt forskjellige, men ga meg ein fantastisk start på livet. Eg hadde det eg trong materielt sett, men me lærte med ein gong å vere forsiktige med pengar. Mamma laga så mykje god mat at det er eit under at eg var normalvektig i barndomen, foreldra mine innprenta kor viktig det var å jobbe godt på skulen, pappa kjøpte faktabøker og mamma sat og øvde med meg før eg skulle ha grammatikkprøve på barneskulen eller tyskprøve i 8.klasse. Dette er berre nokre få døme. Me såg nyheitene på TV, pappa kommenterte og hadde sine meiningar om det me såg, og eg snappa opp. 

Dette er sjølvsagt ikkje unikt for meg, det gjeld jo alle, at me forandrar oss i løpet av livet. Sjølv har eg erfaringar som gjer at eg ser annleis på delar av livet samanlikna med tidlegare. Meiningar forandrar seg ikkje over natta, det er ein prosess, men av og til må ein berre innsjå kva ein meiner om ei sak.

Eg har til dømes mine meiningar om kva som MÅ vere der, kva som BØR vere der og kva som absolutt IKKJE skal vere der når det kjem til kjærleiken. Ingen fare, eg skal ikkje utbrodere dette her, men det er mykje som skal klaffe både den eine og den andre vegen. Det same gjeld born og oppseding av desse. Her er mykje som MÅ til, ein god del som BØR vere der og mykje som absolutt IKKJE skal vere der òg. Og nei, eg har ikkje tenkt å leggje ut om det her heller. Det høyrest jo forferdeleg komplisert ut, heile greiene, og mange gongar følest det sånn òg. Det at eg annankvar veke bur åleine, altså berre annankvar veke har borna mine hjå meg, medan kjærasten min bur to fylke unna, vitnar jo om at ting ER kompliserte. 

Meiningane mine må eg respektere, sjølv om dei nokre gongar ser ut til å vere plasserte der for å gjere ting vanskeleg. Men eg har ingen planar om å lyge for meg sjølv og bagatellisere det som er viktig for meg eller overdramatisere det som eg strengt teke ikkje er så oppteken av. Det har eg gjort altfor mykje. Eg er ikkje redd for å gjere noko som andre reagerer på, for EG må stå for det eg gjer, og EG må kjenne at eg gjer det som er rett for MEG. Ja, det høyrest frykteleg egoistisk ut, men om eg skal gå rundt og ikkje vere MEG, så vil det på sikt øydelegge meg, og dermed òg dei rundt meg. Det er faktisk ikkje meir komplisert enn som så. Det EG kjenner er rett når det gjeld korleis eg skal oppdra ungane, er det eg har fokus på saman med dei. Eg kunne sjølvsagt ha hatt fokus på det "alle andre" ser ut til å vere opptekne av, men då hadde eg ikkje hatt det godt med meg sjølv. Skjønar du kor eg vil?

Det same gjeld parforholdet, som eg sjølvsagt skulle ønskje hadde eit anna format enn det har no. Me har jo litt andre utfordringar enn det som kanskje er vanleg. Vår utfordring er jo synleg for alle, medan andre par kan streve mykje med heilt andre ting som ikkje er synlege for andre. Eg er trass alt glad det ikkje er der skoen trykkjer for oss, men så er det òg noko anna å verte kjent med ein person når ein er godt vaksen. Ein må vere ærleg med seg sjølv, ein veit kva som (eg siterer meg sjølv frå tidlegare i teksten) MÅ til, ein god del som BØR vere der og mykje som absolutt IKKJE skal vere der òg. Så sjølv om alt er fint og flott sånn eigentleg, så er det jo ein avgjerande mangel som ligg og øydelegg for den komplette idyllen. For det er begrensa kor lenge det kan gå sånn det er no.

Me jobbar vel alle mot noko. Det vil alltid vere noko å strekkje seg etter, noko ein ønskjer å oppnå der framme. Sjølv vil eg, og eg meiner det heilt oppriktig, berre ha eit roleg og harmonisk familieliv. Forma sånn som medlemane i familien/ husstanden vil at det skal formast. Då vil alt anna kome som bonusar på vegen, og utfordringane vil forhåpentlegvis bli bekjempa etter kvart. Eg føler eg er på ein mellomstasjon i livet akkurat no. Ein mellomstasjon er greitt, men det er ikkje her ein skal tilbringe livet. Det er ok som ein pust i bakken etter ei lang økt, men så må ein reise vidare. Mellomstasjonar er rett og slett litt bortkasta tid, etter at ein har fylt opp med drivstoff og er klar for å reise vidare. For ein vil jo fram dit ein har tenkt seg.

 

2 kommentarer

Margrethe

04.02.2018 kl.18:53

Hmmm - kloke ord! Og setter igang tankene..... mellomstasjoner bør vel helst ikke vare for lenge, men det hender en må ta tida til hjelp! Ikke optimalt å ha det sånn som dere har det nå.... blir mye lengting og planlegging! Jeg liker at du står for det DU mener er riktig, og blåser i hva alle andre skulle mene. Slik har jeg vært helt siden jeg sto på egne bein igjen etter et ekteskap som endte for snart 15 år siden! Klemmer til deg <3

hjartebru

20.02.2018 kl.21:25

Margrethe: Joda, eg er einig i at ein må ta tida til hjelp nokre gongar. Løyse seg til slutt må det jo berre. Viktig å kjempe for det ein meiner er rett <3

Skriv en ny kommentar

hjartebru

hjartebru

36, Time

Relativt strukturert, grublar mykje, kan fort bli litt småhissig, ein smule sta, kjempar for det og dei eg trur på, i stor grad introvert, trur på skjebnen, liker å setje meg mål, teknologisk anti- vidunder, planlegg ofte både viktige og uviktige ting, håplaus romantikar, prøver å vere meg sjølv mest mogleg og sjeldan redd for å gå mine eigne vegar. Dette kom ikkje i ei gjennomtenkt rekkjefølge, og eg har sikkert gløymt mykje, men det kjem vel fram etter kvart...

Kategorier

Arkiv