hits

Om å leve i eit langdistanseforhold

Eg vart utfordra av Margrethe, som er kvinna bak bloggen "Ut i friluft" då eg spurte om forslag til tema å skrive om. Ho utfordra meg til å skrive om langdistanseforhold, og det kan eg gjerne gjere, for det kan eg (diverre) ein del om. Langdistanseforhold, ja... I hovudet mitt eit skikkeleg negativt ladd ord. Det er det i hjartet mitt òg. Noko skikkeleg drit, rett og slett, det er berre å vere så ærleg om det.

Benk i Bergen

Utfordringane er mange. Sjølvsagt er det eit sakn å ikkje ha han å kome heim til, finne på ting i lag, sovne inntil, gje "ha det"- kyss om morgonen... Alle dei småtinga manglar jo, og det er ikkje gøy i det heile, Det gjer rett og slett litt fysisk vondt å mangle det i kvardagen. Å ikkje ha psykisk nærleik i eit forhold er sjølvsagt øydeleggande, men eg kan love dei som ikkje har vore borti langdistanseforhold at alle dei små, kvardagslege FYSISKE bekreftingane, vert sårt sakna. Har ein budd i lag i årevis tek ein det kanskje for gitt, og då berre seier eg "åtvaring, åtvaring": IKKJE ta det for gitt! De er så heldige at de ikkje anar det.

Me er i lag i alle feriane og nokre få helger i løpet av eit år. Difor ser eg sjølvsagt ekstra fram til å få fri. Å vere lærar er travelt, og alle gler seg til dagar med fri, men eg har ein ekstra grunn til å kome med fort ut av skulen siste dagen før ferien. Men diverre har feriane ein ende, og det å reise etter helg/ ferie er grusomt. Eg prøver å utsetje tanken på det lengst mogleg, men siste dagen før eg skal reise er ikkje den beste. For ikkje å snakke om siste natta. Då er det ikkje lett å sove, og når vekkerklokka ringer om morgonen, er det ikkje lett å vere meg. Som regel er det eg som reiser til han i feriane, ettersom eg har fleire feriar enn han, sjølv om han forhåpentlegvis kjem hit litt oftare framover enn det som har vore tilfellet dette fyrste året. Bilturen tilbake til Jæren tek heile dagen, og er mykje psykologisk fyrstehjelp som må til i løpet av dei timane. 

Det vert nokre ferger i løpet av ein tur

Økonomisk er det òg lite gunstig med eit langdistanseforhold. Å bu åleine, med kun ei inntekt, er i seg sjølv tøft nok, og når eg i tillegg bruker mykje pengar på reise, ferge, bensin og så vidare, er det andre utgiftspostar som må vike. Eg kan ikkje berre gå og handle det eg vil når eg vil. Likevel er dette eit lite problem for meg i det store biletet. Eg har aldri hatt behov for å ha mykje pengar, det kjem eg aldri til å få heller, eg vil mykje heller oppleve og ha det godt med meg sjølv, eg er lite materialistisk, med andre ord. No skal det seiast at eg sjølvsagt skulle hatt eit anna økonomisk utgangspunkt enn det eg har no, men samanlikna med andre ting, er det underordna.

Heldigvis for meg er Torbjørn ein som klarer å vere positiv når eg ikkje klarer det. Eg skjønar ikkje at det går an å tenkje sånn som han, skulle ønskje eg var likare på det området, for det er ein god eigenskap å inneha. Så eg prøver å la meg påverke. Sånn som me har det no, gler eg meg til kvar einaste gong eg treff han. Me kjem liksom aldri inn i den "kvardagstralten" som altfor mange kjem i altfor fort (og som eg skal jobbe HARDT for å unngå). Eg har nedteljingskalendar på jobb til kvar ferie, og sender bilete av talet på dagar til han òg i ny og ne. Gudskjelov er eg lærar, sånn at eg har feriar ganske jamleg i løpet av året...

Sånn ser nedteljingskalendaren ut i dag

Dette gjer jo at eg alltid har planane klare for feriane. Sjølvsagt må me ut på tur om sommaren, men det viktige er å få vere i lag. Dessutan har me jo vore på turar i tillegg til heime hjå kvarandre, me har vore fleire helger i Bergen, me har vore på hyttetur, helg på Austlandet og i Praha. Det er viktig med felles opplevingar, og det byrjar me å få ein god del av allereie.

Praha sommaren 2017

Me verdset tida me har i lag, og passar på å bruke ho godt. Begge liker seg godt i sofaen med ein film, men me finn på andre ting òg. Me har til og med gått på ski i lag! :-) Sia me har litt begrensa med tid i forhold til mange andre par, prøver me å fokusere på gode opplevingar i lag, og me må verte betre kjent og snakke om mange ting. Nokre tema må ein berre ta når ein er fysisk i lag. Det er ikkje alltid like lett å vite korleis balansegangen der skal vere, for ein kan jo ikkje berre fokusere på utfordringar og seriøse (men sjølvsagt ekstremt viktige!) tema heile tida. Julenissen ga oss Fuelbox til jul for eit år sia, og denne har me brukt ganske mykje. Her er det ulike kategoriar å diskutere, og det artige er at sjølv om ikkje min betre halvdel alltid er like gira i utgangspunktet, så bruker me nesten alltid lengre tid på spørsmåla i Fuelbox-en enn det me hadde tenkt. Det er rett og slett mange interessante spørsmål. Nokon av dei er ikkje like relevante, men dei fleste er noko som gjeld oss, og ofte endar det òg opp med oppfølgingsspørsmål, og då går tida :-)

Torbjørn har fiksa middag, eg har henta Fuelbox-en ;-)

Kjensla av å vere forelska varer og varer (i følge denne artikkelen, som forresten kan vere lur å lese i sin heilskap, fordi det står mykje fornuftig her, pleier det å vare 6-12 månader), samstundes som tida går, så me er for lengst forbi "startfasen". Og den kombinasjonen er veldig bra :-) 

Me har funne "kvardagen vår" sånn som han må vere per no. I 2018 består denne mykje av Messenger, som er ei av favorittoppfinningane mine, veit ikkje kva me skulle gjort utan! Me ønskjer kvarandre "god morgon", skriv og sender ofte nokre bilete til kvarandre fleire gongar i løpet av dagen, og om kveldane snakkar me alltid på videochat før me legg oss. Det vil seie, det hender ein av oss (eller begge) sovnar før me rekk å ringe, men det absolutt mest vanlege er at me snakkast på kveldstid. 

Dette var litt om korleis det er å ha kjærasten buande langt unna. Ja, det er ei påkjenning å ha det sånn, det legg eg absolutt ikkje skjul på. Men livet er her og no, så me gjer det beste ut av korleis stoda er. Og feriane ser eg ekstra fram til og mot. Det får gå for ein (altfor lang) periode, for ordne seg til slutt, DET skal det!

Romjula 2017

4 kommentarer

Margrethe

18.01.2018 kl.22:43

Tusen takk for at du fulgte oppfordringa mi! Dette var mange kloke ord! Og en god beskrivelse av hvordan du har det og føler det! Jeg syns du er tøff og sterk! Mange gode klemmer <3

hjartebru

18.01.2018 kl.23:01

Margrethe: Takk, må jo berre halde ut... Skal ta den andre utfordringa di òg, prøve i løpet av helga :-) klem

Minrefleksjon

19.01.2018 kl.23:05

Godt skrevet!

hjartebru

19.01.2018 kl.23:09

Minrefleksjon: Takk for det! God helg.

Skriv en ny kommentar

hjartebru

hjartebru

36, Time

Relativt strukturert, grublar mykje, kan fort bli litt småhissig, ein smule sta, kjempar for det og dei eg trur på, i stor grad introvert, trur på skjebnen, liker å setje meg mål, teknologisk anti- vidunder, planlegg ofte både viktige og uviktige ting, håplaus romantikar, prøver å vere meg sjølv mest mogleg og sjeldan redd for å gå mine eigne vegar. Dette kom ikkje i ei gjennomtenkt rekkjefølge, og eg har sikkert gløymt mykje, men det kjem vel fram etter kvart...

Kategorier

Arkiv