hits

Fekk meg nytt kallenamn i romjula av kjærasten...

I starten av desember byrja eg å kjenne at eg brygga på noko, halsen var vond og stemma endå verre. Etter kvart forsvann ho heilt nokre dagar, og det var både ubehageleg og vondt. Samstundes vart eg litt forkjølt, men det betra seg då stemma gradvis kom tilbake, men eg vart ikkje heilt god. Julafta kom, og berre litt småskral, men ikkje noko å snakke om, før eg 1. og 2. juledag kjente at no var det noko som skjedde igjen. Og pinadømeg fekk eg feber til og med. Det går fleire år mellom kvar gong det skjer, så eg føler meg litt halvdaud når det skjer. Feberen var ikkje høg, men eg var i tillegg potte tett, og bihulene gjekk til krig mot meg. Eg sat store delar av natta i senga eit par netter, ca. 10 meter frå kjærasten (greitt senga hans er ikkje 10 meter, men følt lengde i romjula var omlag 9,9 meter iallfall).

At lukte- og smakssansen er vekke ei stund, høyrest kanskje ut som ein filleting, men i romjula og med PINNEKJØT til middag fleire dagar, er det faktisk litt krise... Likevel var det langt frå det verste.

Auga var nemleg hovne og RAUDE, rann konstant, hovudet verka og nase og øyre var omtrent blokkert. Paracet fleire dagar på rad er ikkje noko eg er van med. For det varte liksom ikkje ein dag... Neida, dette heldt jo på resten av ferien! Forbaska altså... Noko av det verste var auga, for det var så sårt, og det såg rett og slett ut som om nokon hadde slått til meg. Ein kveld nemnte Torbjørn at eg kunne jo ta augedropar, og det var sikkert ein fin ting å tenkje det, for han veit jo ikkje at det å få noko på auge verkeleg IKKJE er noko for meg. Etter litt overtaling, vart me einige om at han skulle dryppe augedropane i auga mine, stakkars, stakkars mann... Eg nemnte for han at eg kanskje ikkje kom til å liggje HEILT i ro, men han trudde kanskje eg tulla, for han såg ikkje vidare bekymra ut.

Eg hugsar ikkje så mykje av dryppinga, for eg blokka vel litt ut, hehe, men eg veit at det tok mykje tid, eg hugsar eg vrei meg og styrte på ein del, at Torbjørn vart meir og meir oppgitt i stemma, og at han kanskje i kampens hete kan ha sagt noko om at eg oppførte meg som ein unge, og sikkert meir enn det, eg hugsar som sagt ikkje så mykje. Men eg hugsar at han etter kvart skjønte at her er det rå makt som må til, så etter at eg hadde klart å kome meg unna ein god del av dropane, måtte eg berre krype til korset. No håper eg ikkje han les dette, for eg fryktar at han påstår det var endå verre, men det kan det no ikkje ha vore... 

Viss eg skal trekke fram den delen av romjula som gjorde meg mest sliten, så var det det at hovudet var heilt tett. Eg forstår ikkje at det går an å vere så mykje, ja, det er jo berre å seie det, SNØRR og ekstra væske i hovudet. Eg følte nemleg at eg nokre dagar var meir på badet og snøyt meg enn inne i stova med dei andre. Kjensla av at det var produsert nytt snørr MEDAN eg snøyt meg var til å ta og føle på, sånn ganske bokstaveleg. Ikkje hadde eg tenkt å stå og blåse orkan med glassmanetmaterie ut over stova medan Torbjørn såg og høyrte på heller, så det vart til at eg gjekk på badet kvar gong. 

Så var det ein kveld eg hadde vore og tatt farvel med eit par liter snørr, eg kom inn i stova. Trøytt og sliten, det tek jo på å halde på sånn... Småirritert fordi eg snart skulle sove 9,9 meter vekke frå kjærasten, medan eg skulle sitje i ein overveldande behageleg sitjestilling og ikkje puste som ein kvalross. For ikkje å gløyme innhylla i nasespraydufta (som eg jo heldigvis ikkje kjente sjølv). Så eg sank ned i sofaen, og håpte kanskje på litt trøyst, eg hugsar ikkje... Eg hadde i tillegg så dottar i øyra at høyrselen var som når ein ligg med øyra under vatn. Eg trudde dermed at eg høyrte feil då Torbjørn, som eigentleg er ein ganske så romantisk person, presterte å kalle meg "vaskemaskina mi". Og før likestillingsforkjemparar sender hatmeldingar til han, må dei kanskje få forklart det EG òg trong å få forklart... Så eg spurte sjølvsagt kva han meinte, og det fekk eg raskt forklart. "For nokre gongar når du snyt deg, lurer eg på om det er vaskemaskina som sentrifugerer." Tusen takk. Her har eg prøvd å skåne han ved å gå inn på badet, og så får eg eit sånt kompliment i fleisen. Tusen takk igjen. Eg satsar på at "kjært barn har mange namn" framleis gjeld.

Helsing Torbjørns BAE ("BAE is an acronym that's typically used to refer to a boyfriend or a girlfriend, a lover, a crush or really anyone considered to be the most important person in another person's life") - AKA Bosch AG Electrolux...

Facebooksida mi

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hjartebru

hjartebru

36, Time

Relativt strukturert, grublar mykje, kan fort bli litt småhissig, ein smule sta, kjempar for det og dei eg trur på, i stor grad introvert, trur på skjebnen, liker å setje meg mål, teknologisk anti- vidunder, planlegg ofte både viktige og uviktige ting, håplaus romantikar, prøver å vere meg sjølv mest mogleg og sjeldan redd for å gå mine eigne vegar. Dette kom ikkje i ei gjennomtenkt rekkjefølge, og eg har sikkert gløymt mykje, men det kjem vel fram etter kvart...

Kategorier

Arkiv