hits

Ei helg i skjelpaddemodus

Annankvar helg er ikkje ungane hjå meg, og då har eg alltid som mål å gjere klar leiligheita til dei kjem heim til meg måndag ettermiddag. Det tek ikkje mange timane før eg ikkje kan fatte at eg har brukt mykje tid på å rydde, då er det sekkar, skulebøker, matboksar, fargeblyantar og kle overalt igjen. Men det gjer ikkje så mykje, for då er jo ungane her med meg igjen :-)

Denne helga er ei av helgene eg er åleine, og eg har eit spesielt oppdrag til meg sjølv. Eg har over lengre tid stua alt av papir inn i eit hjørne i stova. Ok, ikkje berre ark, men aviser, teikningar, småting, alt som ikkje har ein umiddelbar plass og/ eller som eg må ta ein titt på. Det er i dag det skjer. Så no driv eg og kategoriserer, puttar i perm, hiv, ser gjennom, rydder bort... Målet er å vere ferdig før eg legg meg i kveld, sånn at eg kan stå opp i morgon og sjå at kroken er tom. Det ser eg fram til, for det har vore ein krok som har irritert meg ei stund.

Elles er dette ein real kviledag, med sport på TV (med unnatak av ei nyheitssending av og til, ser eg faktisk berre på TV annankvar helg for tida!), usunn mat og eg kjenner at eg skal ta meg ein ettermiddagskvil òg ganske snart. Skikkeleg ladetid med andre ord. Eg treng det av og til. I kveld skal eg sjå "Hver gang vi møtes", for då får eg høyre songar i ny drakt frå favorittbandet mitt i ungdommen: Trang Fødsel! Håper nokre av artistane vel songar som har litt djupare meining enn dei typiske Trang Fødsel- songane som dei fleste folk kjenner til. 

Her ein av favorittsongane mine, gler ein seg ikkje til sommaren av å høyre denne, så veit ikkje eg... :-) Denne på (nesten. må jo passe på høyrselen) fullt i bilen ein solrik sommardag = tommel opp.

Og i desse tider, med ryktene som florerer i media, så passar kanskje denne perfekt? 



 

 

Om å leve i eit langdistanseforhold

Eg vart utfordra av Margrethe, som er kvinna bak bloggen "Ut i friluft" då eg spurte om forslag til tema å skrive om. Ho utfordra meg til å skrive om langdistanseforhold, og det kan eg gjerne gjere, for det kan eg (diverre) ein del om. Langdistanseforhold, ja... I hovudet mitt eit skikkeleg negativt ladd ord. Det er det i hjartet mitt òg. Noko skikkeleg drit, rett og slett, det er berre å vere så ærleg om det.

Benk i Bergen

Utfordringane er mange. Sjølvsagt er det eit sakn å ikkje ha han å kome heim til, finne på ting i lag, sovne inntil, gje "ha det"- kyss om morgonen... Alle dei småtinga manglar jo, og det er ikkje gøy i det heile, Det gjer rett og slett litt fysisk vondt å mangle det i kvardagen. Å ikkje ha psykisk nærleik i eit forhold er sjølvsagt øydeleggande, men eg kan love dei som ikkje har vore borti langdistanseforhold at alle dei små, kvardagslege FYSISKE bekreftingane, vert sårt sakna. Har ein budd i lag i årevis tek ein det kanskje for gitt, og då berre seier eg "åtvaring, åtvaring": IKKJE ta det for gitt! De er så heldige at de ikkje anar det.

Me er i lag i alle feriane og nokre få helger i løpet av eit år. Difor ser eg sjølvsagt ekstra fram til å få fri. Å vere lærar er travelt, og alle gler seg til dagar med fri, men eg har ein ekstra grunn til å kome med fort ut av skulen siste dagen før ferien. Men diverre har feriane ein ende, og det å reise etter helg/ ferie er grusomt. Eg prøver å utsetje tanken på det lengst mogleg, men siste dagen før eg skal reise er ikkje den beste. For ikkje å snakke om siste natta. Då er det ikkje lett å sove, og når vekkerklokka ringer om morgonen, er det ikkje lett å vere meg. Som regel er det eg som reiser til han i feriane, ettersom eg har fleire feriar enn han, sjølv om han forhåpentlegvis kjem hit litt oftare framover enn det som har vore tilfellet dette fyrste året. Bilturen tilbake til Jæren tek heile dagen, og er mykje psykologisk fyrstehjelp som må til i løpet av dei timane. 

Det vert nokre ferger i løpet av ein tur

Økonomisk er det òg lite gunstig med eit langdistanseforhold. Å bu åleine, med kun ei inntekt, er i seg sjølv tøft nok, og når eg i tillegg bruker mykje pengar på reise, ferge, bensin og så vidare, er det andre utgiftspostar som må vike. Eg kan ikkje berre gå og handle det eg vil når eg vil. Likevel er dette eit lite problem for meg i det store biletet. Eg har aldri hatt behov for å ha mykje pengar, det kjem eg aldri til å få heller, eg vil mykje heller oppleve og ha det godt med meg sjølv, eg er lite materialistisk, med andre ord. No skal det seiast at eg sjølvsagt skulle hatt eit anna økonomisk utgangspunkt enn det eg har no, men samanlikna med andre ting, er det underordna.

Heldigvis for meg er Torbjørn ein som klarer å vere positiv når eg ikkje klarer det. Eg skjønar ikkje at det går an å tenkje sånn som han, skulle ønskje eg var likare på det området, for det er ein god eigenskap å inneha. Så eg prøver å la meg påverke. Sånn som me har det no, gler eg meg til kvar einaste gong eg treff han. Me kjem liksom aldri inn i den "kvardagstralten" som altfor mange kjem i altfor fort (og som eg skal jobbe HARDT for å unngå). Eg har nedteljingskalendar på jobb til kvar ferie, og sender bilete av talet på dagar til han òg i ny og ne. Gudskjelov er eg lærar, sånn at eg har feriar ganske jamleg i løpet av året...

Sånn ser nedteljingskalendaren ut i dag

Dette gjer jo at eg alltid har planane klare for feriane. Sjølvsagt må me ut på tur om sommaren, men det viktige er å få vere i lag. Dessutan har me jo vore på turar i tillegg til heime hjå kvarandre, me har vore fleire helger i Bergen, me har vore på hyttetur, helg på Austlandet og i Praha. Det er viktig med felles opplevingar, og det byrjar me å få ein god del av allereie.

Praha sommaren 2017

Me verdset tida me har i lag, og passar på å bruke ho godt. Begge liker seg godt i sofaen med ein film, men me finn på andre ting òg. Me har til og med gått på ski i lag! :-) Sia me har litt begrensa med tid i forhold til mange andre par, prøver me å fokusere på gode opplevingar i lag, og me må verte betre kjent og snakke om mange ting. Nokre tema må ein berre ta når ein er fysisk i lag. Det er ikkje alltid like lett å vite korleis balansegangen der skal vere, for ein kan jo ikkje berre fokusere på utfordringar og seriøse (men sjølvsagt ekstremt viktige!) tema heile tida. Julenissen ga oss Fuelbox til jul for eit år sia, og denne har me brukt ganske mykje. Her er det ulike kategoriar å diskutere, og det artige er at sjølv om ikkje min betre halvdel alltid er like gira i utgangspunktet, så bruker me nesten alltid lengre tid på spørsmåla i Fuelbox-en enn det me hadde tenkt. Det er rett og slett mange interessante spørsmål. Nokon av dei er ikkje like relevante, men dei fleste er noko som gjeld oss, og ofte endar det òg opp med oppfølgingsspørsmål, og då går tida :-)

Torbjørn har fiksa middag, eg har henta Fuelbox-en ;-)

Kjensla av å vere forelska varer og varer (i følge denne artikkelen, som forresten kan vere lur å lese i sin heilskap, fordi det står mykje fornuftig her, pleier det å vare 6-12 månader), samstundes som tida går, så me er for lengst forbi "startfasen". Og den kombinasjonen er veldig bra :-) 

Me har funne "kvardagen vår" sånn som han må vere per no. I 2018 består denne mykje av Messenger, som er ei av favorittoppfinningane mine, veit ikkje kva me skulle gjort utan! Me ønskjer kvarandre "god morgon", skriv og sender ofte nokre bilete til kvarandre fleire gongar i løpet av dagen, og om kveldane snakkar me alltid på videochat før me legg oss. Det vil seie, det hender ein av oss (eller begge) sovnar før me rekk å ringe, men det absolutt mest vanlege er at me snakkast på kveldstid. 

Dette var litt om korleis det er å ha kjærasten buande langt unna. Ja, det er ei påkjenning å ha det sånn, det legg eg absolutt ikkje skjul på. Men livet er her og no, så me gjer det beste ut av korleis stoda er. Og feriane ser eg ekstra fram til og mot. Det får gå for ein (altfor lang) periode, for ordne seg til slutt, DET skal det!

Romjula 2017

Rett og slett eit lite innlegg om det å blogge

Så langt har eg tre upubliserte tekstar liggande her på bloggen min. Eg er ikkje ferdig med nokon av dei, fordi eg har stoppa opp og tenkt: BØR eg skrive om dette? Kor mykje skal eg utlevere meg sjølv og det eg har opplevd? Det er ein vanskeleg balansegang, fordi heile poenget med blogg er jo å formidle noko, og det vil eg jo. Men det er mange å ta omsyn til, særleg borna og kjærasten. Ingenting av det eg skriv skal vere ubehageleg for dei å lese, korkje no eller seinare. På same tid vil eg som nemnt dele litt av tankar og erfaringar eg har fått på ulike frontar av livet. 

Bloggen ligg open for alle, og eg anar ikkje kven som les. Det har forsåvidt ingenting å seie heller, fordi ingen skal på noko måte hengast ut her eller omtalast negativt. Det fører ikkje noko godt med seg. Då skal eg heller namngje viss det er noko særskilt positivt å skrive om nokon. Det vil det jo alltid vere, så kan hende det dukkar opp noko etter kvart. Men sjølv om eg ikkje skal nemne nokon med namn, kjem eg kanskje til å kommentere nokre opplevingar eg har hatt som vil vere identifiserbare for enkelte. Her er det eg må vurdere grundig kva eg seier. Ingen skal iallfall måtte grue seg for noko som helst, og om det skulle vere noko ein reagerer på, er det berre å sende ei melding. Den yngste systra mi er god på det, ho tek skjermdump og ringer rundt det ho tykkjer er flaut med TJUKKE sirklar rundt. Takk, Ragnhild, du er god, men du vert flau for INGENTING, så kan ikkje ta så mykje omsyn til det. Men du får meg til å smile :-) 

Takk til dei som har fulgt meg i oppstarten av ny blogg forresten! I kveld har ei utfordring til dykk:

Har du forslag til tema i eit blogginnlegg eg skal skrive?

Anten noko konkret du lurer på, noko du veit eg har opplevd eller synspunktet mitt på eit eller anna? Eg saknar litt meir kommunikasjon med dykk som les. Om du kjem med eitt eller ti forslag, køyr på! 

Håper nokon gidd å "hive seg på" utfordringa! :-)

 

Har fått ei gåve i dag, eg :-)

Eg har vore gjennom eit par oppstartar av blogg før, og noko av det som var vanskelegast i starten, var å forstå korleis ein blogg kunne byggast opp. Ordet "header" måtte eg til dømes slå opp, for eg hadde aldri lest bloggar sjølv då eg starta å blogge for nokre år sidan. Eg er berre så lite teknisk anlagt, og eg skal ikkje kome med døme, for eg har sagt og gjort mange flaue ting når det kjem til slikt, difor er det veldig fint at Torbjørn forstår seg på desse tinga. Glad for at han har laga header til meg. Eg har ikkje blanda meg i det heile teke, han fekk lage han akkurat som han ville, og eg har vore HEILT avslappa til det (faktisk!) :-)

Han har valt tre bilete som betyr mykje for meg.

 

Biletet til venstre er eit av dei fyrste bileta me tok i lag, og som eg berre likar sååå godt. Eg brukte det som profilbilete på Facebook for omlag eit år sidan, før me var "offentlege", og eg trur det er ganske mange som ikkje har sett at Torbjørn faktisk er på biletet, han òg. Det er ikkje lenge sidan det vart brukt på Instagram-kontoen vår i samband med eit dikt, og stemninga i diktet og tekst passar berre perfekt. Det er det eg likar så godt med det Torbjørn lagar, det berre stemmer, om du forstår. 

Biletet til høgre er frå Nordfjord i fjor sommar, og det brukte me til eit av favorittdikta mine (av dei eg har skrive sjølv). Me visste ikkje at me vart teke bilete av, det var ei venninne av meg frå studiedagane som har knipsa det. Diktet eg skreiv, som har fått det biletet som illustrasjon, kan både sjåast på som det ein ser med auga, men òg som eit bilete på motstanden me har fått frå enkelte personar., og aller viktigast: kva det har gjort med oss  

Biletet i midten er frå Torbjørn sitt fyrste besøk på Jæren, det òg i fjor sommar. Det er teke på Orrestranda, og er òg brukt på kontoen vår på Instagram. Når eg tenkjer meg om, likar eg det diktet òg, og det er ikkje fordi eg tykkjer eg er god til å skrive, altså, men rett og slett fordi eg får sagt noko viktig, noko som gjeld OSS. Det er jo det som går som ein raud tråd på Hjartebru.

Eg er kjempenøgd med headeren <3 

Fekk meg nytt kallenamn i romjula av kjærasten...

I starten av desember byrja eg å kjenne at eg brygga på noko, halsen var vond og stemma endå verre. Etter kvart forsvann ho heilt nokre dagar, og det var både ubehageleg og vondt. Samstundes vart eg litt forkjølt, men det betra seg då stemma gradvis kom tilbake, men eg vart ikkje heilt god. Julafta kom, og berre litt småskral, men ikkje noko å snakke om, før eg 1. og 2. juledag kjente at no var det noko som skjedde igjen. Og pinadømeg fekk eg feber til og med. Det går fleire år mellom kvar gong det skjer, så eg føler meg litt halvdaud når det skjer. Feberen var ikkje høg, men eg var i tillegg potte tett, og bihulene gjekk til krig mot meg. Eg sat store delar av natta i senga eit par netter, ca. 10 meter frå kjærasten (greitt senga hans er ikkje 10 meter, men følt lengde i romjula var omlag 9,9 meter iallfall).

At lukte- og smakssansen er vekke ei stund, høyrest kanskje ut som ein filleting, men i romjula og med PINNEKJØT til middag fleire dagar, er det faktisk litt krise... Likevel var det langt frå det verste.

Auga var nemleg hovne og RAUDE, rann konstant, hovudet verka og nase og øyre var omtrent blokkert. Paracet fleire dagar på rad er ikkje noko eg er van med. For det varte liksom ikkje ein dag... Neida, dette heldt jo på resten av ferien! Forbaska altså... Noko av det verste var auga, for det var så sårt, og det såg rett og slett ut som om nokon hadde slått til meg. Ein kveld nemnte Torbjørn at eg kunne jo ta augedropar, og det var sikkert ein fin ting å tenkje det, for han veit jo ikkje at det å få noko på auge verkeleg IKKJE er noko for meg. Etter litt overtaling, vart me einige om at han skulle dryppe augedropane i auga mine, stakkars, stakkars mann... Eg nemnte for han at eg kanskje ikkje kom til å liggje HEILT i ro, men han trudde kanskje eg tulla, for han såg ikkje vidare bekymra ut.

Eg hugsar ikkje så mykje av dryppinga, for eg blokka vel litt ut, hehe, men eg veit at det tok mykje tid, eg hugsar eg vrei meg og styrte på ein del, at Torbjørn vart meir og meir oppgitt i stemma, og at han kanskje i kampens hete kan ha sagt noko om at eg oppførte meg som ein unge, og sikkert meir enn det, eg hugsar som sagt ikkje så mykje. Men eg hugsar at han etter kvart skjønte at her er det rå makt som må til, så etter at eg hadde klart å kome meg unna ein god del av dropane, måtte eg berre krype til korset. No håper eg ikkje han les dette, for eg fryktar at han påstår det var endå verre, men det kan det no ikkje ha vore... 

Viss eg skal trekke fram den delen av romjula som gjorde meg mest sliten, så var det det at hovudet var heilt tett. Eg forstår ikkje at det går an å vere så mykje, ja, det er jo berre å seie det, SNØRR og ekstra væske i hovudet. Eg følte nemleg at eg nokre dagar var meir på badet og snøyt meg enn inne i stova med dei andre. Kjensla av at det var produsert nytt snørr MEDAN eg snøyt meg var til å ta og føle på, sånn ganske bokstaveleg. Ikkje hadde eg tenkt å stå og blåse orkan med glassmanetmaterie ut over stova medan Torbjørn såg og høyrte på heller, så det vart til at eg gjekk på badet kvar gong. 

Så var det ein kveld eg hadde vore og tatt farvel med eit par liter snørr, eg kom inn i stova. Trøytt og sliten, det tek jo på å halde på sånn... Småirritert fordi eg snart skulle sove 9,9 meter vekke frå kjærasten, medan eg skulle sitje i ein overveldande behageleg sitjestilling og ikkje puste som ein kvalross. For ikkje å gløyme innhylla i nasespraydufta (som eg jo heldigvis ikkje kjente sjølv). Så eg sank ned i sofaen, og håpte kanskje på litt trøyst, eg hugsar ikkje... Eg hadde i tillegg så dottar i øyra at høyrselen var som når ein ligg med øyra under vatn. Eg trudde dermed at eg høyrte feil då Torbjørn, som eigentleg er ein ganske så romantisk person, presterte å kalle meg "vaskemaskina mi". Og før likestillingsforkjemparar sender hatmeldingar til han, må dei kanskje få forklart det EG òg trong å få forklart... Så eg spurte sjølvsagt kva han meinte, og det fekk eg raskt forklart. "For nokre gongar når du snyt deg, lurer eg på om det er vaskemaskina som sentrifugerer." Tusen takk. Her har eg prøvd å skåne han ved å gå inn på badet, og så får eg eit sånt kompliment i fleisen. Tusen takk igjen. Eg satsar på at "kjært barn har mange namn" framleis gjeld.

Helsing Torbjørns BAE ("BAE is an acronym that's typically used to refer to a boyfriend or a girlfriend, a lover, a crush or really anyone considered to be the most important person in another person's life") - AKA Bosch AG Electrolux...

Facebooksida mi

Velkomen til nye-bloggen min!

Mitt aller fyrste innlegg på Hjartebru- bloggen. 2018 er godt i gong, det innsåg eg då løna hadde plassert seg perfekt på kontoen i dag (der kjem ho diverre ikkje til å overleve lenge)!

Det er spennande med ny blogg. Ideen kom plutseleg i går kveld, då eg fann ut at eg skulle søke på om Hjartebru var eit ledig bloggnamn. Det var det, og det var då eg tenkte med meg sjølv: "Kvifor har du ikkje tenkt på det før?" Sidan Instagram-kontoen til kjærasten og meg heiter Hjartebru,kan jo like godt bloggen òg heite det! Dessutan kjem det til eit punkt i livet, iallfall i mitt, då eg ikkje ønskjer at årstalet eg vart fødd er ein del av bloggnamnet... Skjønar ikkje kva eg tenkte på....

Eg la ut ei spørring på Instagram i går kveld der eg spurte om følgarane våre trudde det var Torbjørn eller eg som hadde kome på namnet. Det rann inn med stemmer på Torbjørn, og ei stund var det omlag 70% som trudde det var hans namneforslag. I dag har eg fått mange stemmer, og det enda med 48% til meg, 52% til han. Svaret er at det er han som føreslo namnet, og eg likte det sjølvsagt med ein gong. Heilt "meg"! :-) 

Bloggen kjem eg til å bruke til å fortelje om småhendingar i livet mitt. Kanskje eg kjem til å ta opp ein del noko personlege tema etterkvart, eller utfordringar, men det er ein vanskeleg balansegang, det der, når ein skal blogge. Kva skal ein utlevere og kva bør ein halde for seg sjølv/ dei næraste? Det vert uansett avklart med den/ dei det måtte gjelde på førehand, og det vil nok uansett mest handle om tankane mine kring ulike tema. Så ingen treng bekymre seg for noko som helst, viss det såg sånn ut ei stund... :-) 

Så kven er så eg? På Facebook har eg skildra meg sjølv som "Relativt normalt unormal". Eg tykkjer det forklarer meg ganske godt, ikkje alltid heilt i vater, men forhåpentlegvis relativt snill og grei. Heldigvis har eg ein kjærast som heller ikkje er heilt A4, og som eg er veldig glad for å ha møtt. Me har ei utfordring i at han bur nord i Sogn og Fjordane og eg i Sør-Rogaland, og difor ser me kvarandre berre i ferier og nokre helger, men takk for at me lever i 2018 og kan videosnakke på Messenger dagleg. Eg bur nærare bestemt på Jæren og jobbar på ein ungdomsskule i ein nabokommune. Annankvar veke bur eg åleine, annankvar veke med dei to borna mine på 6 og 9 år. Livet er med andre ord litt delt i bolkar for tida, ut frå om det er ferie eller arbeidsveker, om eg har borna heime eller ei. Trøysta er at framtida rommar moglegheiter som eg framleis ikkje veit om, så ting skal ordne seg etter kvart.

Ungane har nettopp gått ut på Pokèmon-jakt, var kjedeleg for dei å henge med ei pjusk mor som berre ligg på sofaen. Planen er at me skal spele kort når dei kjem heim, eg lærte dei eit kortspel i går kveld ("Grisen"), som dei likte kjempegodt.

Eg tykkjer det er koseleg å høyre frå dei som les bloggen min forresten, og vil gjerne ha kommentarar eller spørsmål på innlegg, uansett om du er ein eg kjenner godt eller aldri har møtt! Om du har synspunkt på noko eg skriv om, eller forslag, kom med dei! 

Les mer i arkivet » Januar 2018
hjartebru

hjartebru

36, Time

Relativt strukturert, grublar mykje, kan fort bli litt småhissig, ein smule sta, kjempar for det og dei eg trur på, i stor grad introvert, trur på skjebnen, liker å setje meg mål, teknologisk anti- vidunder, planlegg ofte både viktige og uviktige ting, håplaus romantikar, prøver å vere meg sjølv mest mogleg og sjeldan redd for å gå mine eigne vegar. Dette kom ikkje i ei gjennomtenkt rekkjefølge, og eg har sikkert gløymt mykje, men det kjem vel fram etter kvart...

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker